Skip to content

En oppfordring om mangfold

Bilde av to sauer og kvinne i idyllisk natur

På en liten øy, blant sauer og kunst har Jessica sitt hjemmekontor.

Jessica har skrevet masteroppgave og holdt innlegg om mangfold. Vi i Knowit ber henne dele sine tanker om temaet.

Hvorfor er mangfold i arbeidslivet så viktig for deg? 

Å jobbe med folk som er frå same kultur, land og skule er keisamt. I følge meg så blir ein ikkje utfordra nok, og bedrifta taper pengar på det – den siste påstanden er ikkje grunnen til at eg brenn for mangfald, men det er fakta som kan hjelpe å få "folk med pengane" med på laget.

Eg brenn for mangfald fordi det å få representert kulturelt og etnisk mangfald i nordiske design- og konsulentbedrifter som lagar løysingar for ei heil befolkning er eit samfunnsansvar. Det er ein sjølvfølge å spegle samfunnet, det skal ikkje vere berre noko som skal sjå bra ut i ein stillingsannonse eller kampanje.

Hva legger du egentlig i ordet mangfold?

Når eg snakkar om mangfald i bedriftene, så meiner eg etnisk, kulturelt, funksjonell og ein annleis skulegang enn det ein til vanleg tilsett. Dette er fordi det er denne dimensjonen av mangfald eg meiner mange nordiske design- og konsulentbedrifter har ein mangel på, men har moglegheit til å gjere noko med.

 

Bedriftene som klarer seg har eit samfunnsansvar om å halde fast ved verdiane arbeidsplassen sette seg før denne krisa.

 

Skal man ha like stort fokus på mangfold i den perioden vi er i nå?

Eg skjønar og føler med alle dei som sete på arbeidsplassen og "designa" noko ein dag, til at ein neste dag vart omringa av skrikande ungar, litt for lav pult og ein kjøkkenstol som aldri visste at han skulle bli så flittig brukt. Og kanskje aller verst så hadde dei eit tonn med arbeid den eine veka, medan no er det ingenting.

Min oppmodning om å framleis jobbe med å auke mangfald, er retta mot bedriftene som klarer seg. For dei finnast, heldigvis!

Hvorfor er det egentlig så viktig med verdier som mangfold?

I ei tid der alt er usikkert, så meiner eg at bedriftene som klarer seg og som har ekspertise rundt "gode digitale opplevingar med kundebehov i sentrum" har eit samfunnsansvar om å halde fast ved verdiane arbeidsplassen sette seg før denne krisa. Og om ein bedrift har som mål å auke mangfald, så meiner eg at dette bør framleis vere i fokus, i tillegg til å få oppdrag og pengar i kassa.

Det å vere opptatt av mangfald meiner eg er ein grunnleggjande verdi, på lik linje som å seie at ein er opptatt av likestilling, miljø og berekraft. Slike påstandar er ein del av verdigrunnlaget hos mange bedrifter. Dermed kan ein ikkje velje vekk slike verdiar når ekstraordinære tiltak rokkar om korleis bedrifta skal tene pengar. Verdiar er med på å bygge mønster eller eit kollektivt tankesett eller normer om du vil. Bedrifter som klarer seg i ei krise kan ikkje berre velje og vrake blant verdiar som passar dei eller velje vekk når skuta kan søkke – fordi kva betyr den verdien for bedrifta då?

Det å fokusere på verdiar i tillegg til å skaffe seg oppdrag for å halde vind i seila, skjønar eg er utfordrande. Men om det er ein ting eg er sikker på og har erfaring med frå min arbeidsplass, er det at same bedriftene sit med mykje kompetanse og kreative hovud som kan hjelpe arbeidsplassen med å framleis fokusere på grunnverdiane – berre på ein annan måte.

Er det spesielle mekanismer man kan bruke for å øke mangfoldet?

Eg har tidlegare i ulike forum snakka varmt om at det er ei rokering i rekrutteringa som skulle til om bedrifta var bestemt på å auke mangfaldet sitt. Når det kjem til rekruttering, er det spesielt viktig med endring i kommunikasjonsform og møteplattform. Utfordringa i dag er at mange ikkje har moglegheit til å "rekruttere seg til mangfald". Eg oppfordrar alle bedrifter som klarer seg, til å tenke på korleis ein kan halde fast ved eller starte å auke mangfald i ei tid som ser veldig annleis ut enn i går!

 

Mange av gruppene som fell utanfor i ein slik tid, kan vere med å auke mangfaldet hos Norske design kontor og teknologibedrifter

 

Eit eksempel på ei verksemd som har tatt grep knytt til mangfald (før denne krisa), er selskapet Toca Boca. Selskapet lagar digitale leiker og andre kvardagslege produkt retta mot born frå ulike kulturar i heile verda. Produktutviklarane i selskapet er på ingen måte fagpersonar innan antropologi, sosiologi eller psykologi, noko som er viktig om ein skal forstå og utvikle produkt for born på tvers av kulturar. Dette har Toca Boca løyst ved å opprette eit ekspertteam som er med i designprosessen. Teamet er sett saman av personar med ulik bakgrunn og bidrar derfor til å sikre eit mangfaldig perspektiv på produktet før det blir lansert.

Vi som jobbar digitalt er heldige i den tida vi er i, men det er mange ekspertgrupper og fagområde som fell utanfor i ei slik tid – eg trur mange av desse gruppene kan vere med å auke mangfaldet hos nordiske- design- og konsulentbedrifter ved å inkludere dei og deira hovud i ein designprosess. For eg kan ikkje slutte å seie det nok:

Vi jobbar i ein bransje der vi lagar digitale tenester for samfunnet, då er det viktig at vi som lagar disse tenestene representerer samfunnet dei blir laga for!

 

Jessica Ann Venø 
Tjenestedesigner
Jessica.veno@knowit.no