Skip to content

Sommarjobb i Knowit 2021

Denne sommaren har 26 studentar vore så heldige å få jobbe i Knowit i Oslo. Me har hatt ulike stillingar og kundeprosjekt, og me har vore innom ulike teknologiar og utviklingsmetodar. Dette har gitt oss eit innblikk i kvardagen som konsulent i Knowit.  

IMG_0306_lys


Navnet mitt er Sigrun Nummedal og eg har ein bachelor i informatikk frå NTNU i Trondheim. Til hausten skal eg starte på ein master i informatikk med retning programvaresystem. Denne sommaren har eg fått satt kunnskapen min på prøve som utviklar i Knowit.  


Onboarding og prosjekt
 

Då sommaren starta var smittetrykket framleis på eit stadie som gjorde at Knowit ikkje kunne opne opp kontoret for fullt for alle ansatte, men for at me i sommarjobb skulle få mest mogleg utbytte av jobben blei det lagt til rette for at me kunne vera på kontoret, og det heile sommaren! Dette gav oss moglegheit til hjelpe kvarandre og bli kjent på tvers av prosjekta. 

 

IMG_20210728_135153_lys


Me blei plasserte ut på seks ulike prosjekt, derav fem kundeprosjekt og eitt internt. Saman med to andre studentar jobba eg på prosjekt med NDLA (Nasjonal Digital Læringsarena) som kunde. Knowit har hatt dette prosjektet i fleire år, så det var mykje å sette seg inn i. Det var spesielt lærerikt som student å få prøve seg på eit prosjekt som var veletablert med ein stor kodebase, då dette gav utfordringar eg ikkje hadde vore borti tidlegare. I løpet av sommaren jobba eg for det meste frontend med React på NDLA sine nettsider, men eg fekk også prøve meg på nokre backendoppgåver i Scala. Me fekk noko valmoglegheit i val av oppgåver frå backloggen som gjorde at eg fekk prøve meg på noko nytt men også forbetre meg i teknologiar eg kunne frå før. Det var ikkje problem å lære seg noko nytt då dei fasttilsette på NDLA-teamet gledeleg var til hjelp om me skulle trenge det! To fasttilsette i prosjektet var også tilgjengelege på kontoret som gjorde det enkelt å spørje om hjelp.


Studenter


Sosialt og fagleg

Knowit organiserte fleire faglege og sosiale aktivitetar i løpet av sommaren. Me hadde blant anna workshop med tema Svelte, Cloud og AI. I tillegg fekk sommarjobbarane bli kjent med kvarandre gjennom Paint’n Sip, grilling, frisbeegolf , VR-kveld og fredagspils!  


IMG_20210708_221756_1_lys
Paint'n sip

Utover dette hadde me og mange lågterskelaktivitetar for å bli betre kjent. Eg blei blant anna lova ein sommar med mykje sol – og Oslo skuffa ikkje! Finveret vart då sjølvsagt nytta godt med is-pause på takterrassen i ny og ne, og det var heller ikkje sjeldan at me tok med oss lunsjen ut i solsteiken. Det er verdt å nemne at Knowit si kantineordninga har vore ein fin bonus i kvardagen i sommar. 

Eg vil takke for at eg fekk moglegheita til å vera ein del av Knowit i desse vekene. Resten av sommarstudentane og NDLA-teamet har bidratt til at eg har hatt ein utruleg morosam og lærerik sommar. Som ny i byen har eg rukke å blitt kjent med Oslo og fått nye vener. Det har vore ein fin miks av fagleg og sosialt som har gitt meg maks utbytte av jobben og kvardagen. Knowit er ein gjeng med flotte tilsette og med fint arbeidsmiljø og kultur. Etter denne sommaren er eg endå meir sikker på at eg har valt det rette studiet, og Knowit har gitt meg inntrykket av at det og berre er å glede seg til arbeidslivet!